Lederutviklingsprogram «Styrking av vi-kjensla og samarbeidet i kommunen».

KS Konsulent avslutta eit leiarutviklingsprogram for Stryn kommune desember 2023. KS Konsulent har hatt 10-FAKTOR prosessar i kommunen tidlegare. Leiarutviklingsprogrammet tok utgongspunkt i 10-FAKTOR og varte i 2 år.

Det overordna målet med leiarutvklingsprogrammet var å sikra best mogeleg opplevd kvalitativt gode tenester for den einskilde innbyggjar i Stryn kommune, og å styrkje Stryn kommune som ein framtidsretta og berekraftig organisasjon. Hovudtiltaka for å nå målet var å utrusta den einskilde leiar til å utøva godt leiarskap ved å gje teoretisk innsikt og forståing, og trening på leiarverkty som kan brukast direkte i eigen leiarkvardag. I tillegg til leiarsamlingar med alle einingsleiarane i kommunen, samt tillitsvalgde og verneombod, var der og eigne samlingar for toppleiargruppa og leiarrettleiing med HR.

 

Utdrag frå evaluering av programmet:

«Fine samlingar med mykje god input.  Luksus med slike dagar der ein får reflektere over eigen praksis. Tusen takk!»

«Betre klima for tverrfagleg samarbeid».

«Det viktigste med programmet er å få tid og hjelp til å løfte blikket i lag om team-ledelse-  det har en oppnådd med god kombinasjon av egenrefleksjon, arbeid i gruppe og viktige perspektiv fra kurslederne».

Vi skreddersyr lederutviklingsprogram som møter den enkeltes kommune behov. Les mer om lederutvikling her

InspirasjonKristine Hernes